skip to Main Content

Lofthus LiftJig AS Teknologien som løfter og gjev trygt rom for å utføre godt handverk. Tradisjon og håndverk – nytt inntil gamalt i godt samspel. Tre, stål, betong, naturstein og miljøet ikring samt tradisjon, kultur og livsglede og kunnskap frå mange er brikkene i vårt store spel.

Lofthus LiftJig AS – Eit firma frå Vest-Telemark

Lofthus LiftJig AS sin teknologi løfter bygg og konstruksjonar på ein slik måte at kringliggjande konstruksjonar forblir uskadde. Løft vert utført slik at teknologien ikkje er i vegen, men heller gjev plass for at godt håndverk kan utførast på ein trygg måte sjølv om konstruksjonen veg hundrevis av tonn – til eksempel Mandal kyrkje no i 2015.

Vi utfører løft, restaurering og utbetring på loft, bur, kyrkjer og strukturar elles. Vi har og hatt oppdrag i ein del nyare bygg med heving av etasjehøgder i ulike nivå. Dette for byggherrar som kanskje vil ha plass til skjult ventilasjon, sprinkler eller anna over nedsenka himlingar. Vi har refundamentert mangt eit bygg. Hovedfokus er heile tida det at vi kan utføre jobbar med lite skade på kringliggjande konstruksjonar og gjev håndverkarar god trygg plass for å levere godt håndverk.

Teknologien er ideell for byggherrer som vil ta vare på det originale men samstundes spare penger på bevaring. Firmaet sitt overordna mål er å bevare, skade minst mogeleg og finne løysing på det meste der løft er nødvendig.

Lofthus LiftJig i media

Film frå Vest-Telemark museum

Tveitenstoga

Sjå korleis vi flytta ei stoge hos Vest-Telemark Museum.

Film frå Bryggen i Bergen

Bryggen i Bergen

Vi har vore med på eit Unesco-prosjekt på Bryggen i Bergen. Les meir om Bryggen i Bergen her.

Film frå brygge i Trondheim

Bryggehus i Trondheim

Her har vi jekka opp Kjøpmannsgate 27 i Trondheim. Les meir om bryggehuset her.

Litt historie

Lofthus LiftJig AS vart etablert i september 2003. Dette vart gjort etter oppfinnelse og bruk av ein lyfteteknologi sidan 1994/95. På etableringstidpunktet var teknologien sin basis – ei løftesøyle patentert i fleire land. Firmaet har utført oppdrag i inn- og utland og nærmer seg å ha lagt bak seg snart 400 ulike oppdrag.

Lofthus LiftJig AS har brukt teknologien i straks 400 bygg og strukturar i fleire land. Ein nemner Norge, Sverige og Russland. I denne samanheng kan nemnast mange kyrkjebygg, Bryggen i Bergen, Kjøpmannsgate 27 i Trondheim nå i 2015 og mange andre.

Privatkundar med hytter, loft og bur, samt andre gamle bygg er ein stor del av kundekretsen vår.

Nytt treverk fyller inn i det gamle.
Nytt treverk fyller inn i det gamle.
Oppretting av Kjøpmannsgate 27, Trondheim
Oppretting av Kjøpmannsgate 27, Trondheim

Eit eksempel på kva me gjer

Lyftet i Mandal var på kring 350 tonn og fyrste del av oppdraget der vart avslutta veka etter 19. oktober 2015. Deretter gjekk jobben direkte over på eit interessant oppdrag i Trondheim. Her vart Kjøpmannsgate 27 med sitt volum og vekt på kring 480 tonn lyft opp på det meste med førti cm. Dette bygget på 490 kvm i fem etasjar, utført i laft, stav, bindingsverk med utvendig ståande kledning og anna står delvis på pelar ute i Nidelva.

Bygget står nå i november 2015 på om lag 52 søyler, som er vår teknologi som gjev høgde for utskifting av gamle botnfundament på grunn med sviller og dragere med mellomspendte grove søyler i tre. Vi skal attende til Trondheim å ordne med pelutskifting i slutten av november 2015.

Våre siste prosjekt

Svingbart understell

Svingbart understell, Lio kraftstasjon

Teknologien har i 2015 hatt oppdrag med transport av kabelkulvertar i betong som underentreprenør for Veidekke…

Oppretting av Kjøpmannsgate 27, Trondheim

Bryggehus i Trondheim

Kjøpmannsgate 27 i Trondheim. Her har vi ei brygge på om lag 490 kvadratmeter i fem…

Mandal kyrkje, front. Stor, kvit trekyrkje

Mandal kyrkje, Noregs største trekyrkje

Mandal kyrkje, frå litt etter 1790. Dette er Noregs største trekyrkje, står det på nett. Det…

Hovedhus under renovering. Fjødde, Høydalsmo

Gamalt tun på Fjødde i Høydalsmo

Frå fjellgarden Fjødde i Høydalsmo. Her var det mykje å ta tak i. Trong for ny…

Bryggen i Bergen

Bryggen i Bergen, Nordre Holmedalsgården

Moro å få innpass hjå UNESCO og! Vi var der på eit til dels komplisert prosjekt…

Nore stavkyrkje

Nore Stavkyrkje

Velkommen til kyrkjene i Numedal! Lofthus LiftJig As har vore inne i alle, her representert ved…

Referansar

Tom Gangstøe

Byggeformann, Stiftelsen Bryggen i Bergen

Telefon: 915 58 825

Kenneth Jacobsen

Prosjektleiar, Byggmester Dovland AS

Telefon: 990 04 737

E-post: kenneth@dovland.no

Adresse: Byggmester Dovland AS
Ægirsvei 1A
4632 Kristiansand

Back To Top