skip to Main Content

Bedriftsnettverket søkjer etter ei kundegruppe som er søkjande etter måten å ta tak i ein restaureringsprosess. Vi vil stå til rådvelde for dei eller den som har eit objekt som kan høve for våre tenester og vår teknologi.

Vi vil som nettverk innafor bygningsvern kunne stå til hjelp med tekniske løysingar, kostnadsoverslag og søknader til mogelege finansieringskjelder. Vi nyttar oss òg av ekspertisen vi har tilgjengeleg i Vest-Telemark Næringshage i Kviteseid i dette arbeidet.

Ta kontakt med oss, så skal vi sjå kva vi kan få til saman!

Bedriftsnettverk for bygningsvern i Vest-Telemark. Her er avtala underskriven! F.v. Svein Foldøy, dagleg leiar i Vest-Telemark næringshage, entreprenør Bjarne Lofthus, Roar Seltveit, dagleg leiar i Rauland Stav og Laft AS, Torstein Tveito i Lofthus Liftjig AS, og Eivind Kleppo, Kleppo Trevare AS. Foto: Vest-Telemark næringshage

Lofthus LiftJig AS er i dag ei målbedrift i SIVA sin næringshage i Kviteseid. Vi arbeider stadig med vidare utvikling av firmaet vårt og vil i denne samanheng prøve å få fleire med oss i eit bedriftsnettverk.

Det nettverket vi nå er tilknytt består av fire bedrifter:

Målet var å danne eit nettverk som kunne ta arbeidsoppdrag saman og som saman kunne utfylle kvarandre via kompetanse og auka evne til å levere.

Det er ikkje til å leggje skjul på at det heile kjem i stand kring trongen for å nytte teknikken til Lofthus LiftJig AS og Bjarne Lofthus betre.

Back To Top