skip to Main Content

Bryggehus i Trondheim

Bryggehus  I  Trondheim

Kjøpmannsgate 27 i Trondheim. Her har vi ei brygge på om lag 490 kvadratmeter i fem etasjar. Her skulle vi løfte og rette opp frå botnen av. Vi gjekk inn under bygget og heisa det opp, 480 tonn, med så langt 52 søyler. Her skulle byggherre løfte og rette for å erstatte botnsviller lagt på mur og grunn. Vidare skal alle tresøylene som står på langsgåande sviller skiftast. Elles skal bygget bli retta opp for utbuling (Sjå søyler utvendig plassert!).

Film frå brygge i Trondheim

Sjå NRK sin film frå prosjektet!

Lær meir om korleis me jekka opp brygga i Trondheim.

Ny pelerekke

Til slutt skal bygget som står på pelar i Nidelva få ny pelerekke. Dette er så langt siste del av jobben i Trondheim som tek til i slutten av november 2015.

Ein må nemne flodnivået i Nidelva som går opp og ned 2,7 meter kvar veg to gonger i døgnet. Det gjer det heile til ein ettermåten utfordrande jobb!

For oss er det moro å finne løysinga på eit for byggherre noko krevjande objekt!

Under Kjøpmannsgate 27 Trondheim
Fjøre i Nidelva
Flo i Nidelva

Utfordrande med springflo to gonger i døgret. Nivåendring på kring 2,7 meter og over. Her heva vi bygget, og pelerekkje i front vart bytt ut i rett akse.

Oppretting av Kjøpmannsgate 27 Trondheim
Samarbeide med oss?

Lofthus LiftJig AS er i desse dagar, som ein ser, ute etter samarbeidspartnarar som kan tenkje seg å vere med på bruken, og lære bruken av teknologien vår. Les meir her!

Referanse frå prosjektet

Eileen Garmann Johnsen

Fyrsteamanuensis, NTNU

Telefon: 950 89 589

E-post: eileene@online.no

Adresse: Eileen Garmann Johnsen
Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet
Institutt for Byggekunst, historie og teknologi
Sentralbygg 1
Alfred Getz vei 3
7491 Trondheim

Back To Top