skip to Main Content

Bryggen i Bergen, Nordre Holmedalsgården

Bryggen i Bergen

Moro å få innpass hjå UNESCO og! Vi var der på eit til dels komplisert prosjekt frå 2006 til 2012. Her var det behov for oppretting for å gje plass til mykje erstatning av treverk (40%?!). Vi vart spurt om å ta denne jobben i april 2006 og det enda med at vi hadde alt klart for oppheising av Nordre Holmedalsgården via 22 søyler i september same år. Vi heisa heile bygget om lag eit par cm før vi avslutta hausten 2006.

Bryggen i Bergen på Unesco si verdsarvliste.

Åra etter hausten 2006 arbeidde stiftelsen sine eigne håndverkarar med utskifting av det såkalla bolverket under bygget. Dette var fem lag med krysslagde runde furustokkar lagt på eit lag av teglstein i botnen. Dette var restar etter eit bygg som brann tidleg på syttenhundretalet. Når bolverksjobben var ferdig fekk vi signal om at nå kunne sjølve hevingsjobben i gang.

Desse 22 søylene sto så i ro til at Stiftelsen Bryggen gav klarsignal for løft. Det skjedde 16. april 2009, der vi heisa bygget varierande frå vel 60 cm til nærare meteren i front. Sjølve heisejobben tok vel fire-fem timar.

Vi reiste att etter heisejobben var gjort og sikra, etter to dagar. Stiftelsen Bryggen sine egne folk tok til med storjobben med utskifting av skadd treverk og restaurerte bygget til slik det står i dag med endra namn og bruk. I dag har bygget skift namn frå Bryggen Sjømat til Bryggen Husflid og er det høgaste bygget på bryggen.

Film frå Bryggen i Bergen

Film frå Bryggen i Bergen

Sjå kva me gjorde under Unesco-prosjektet på Bryggen i Bergen.

Bryggen i Bergen, Bjarne Lofthus og Lars.

Bjarne og Lars utanfor Nordre Holmedalsgården si langside. Her vektlagt så ryddig oppsett som råd utan skade på eksisterande kledning. Ein ser i dag bare nokre trepluggmerke i kledninga etter jiggen vår.

Bryggen i Bergen. Smalt og mørkt etter brann.

Det var til tider særs tronge plassar på bryggen. Søyla i dråpefallet her var om lag 9 m lang med fleire konsollar tilknytt (sjå og tenk overeitt med søylene forrige bilete). På det smalaste var her 47 cm mellom veggene. I tillegg hadde her vore ein brann, så jobben var som inne i ei pipe!

Arbeidskarar på Bryggen i Bergen.

Nokre av dei som monterte utstyret i 2006.

Arbeidskarar på Bryggen i Bergen.

Bjarne Lofthus og Tom Gangstøe på synfaring undervegs.

Over frå inne i bygget Nordre Holmedalsgården. Her ser ein kva Stiftelsen Bryggen sine håndverkere fekk gjort av utskifting ved hjelp av vårt utstyr. Dei fekk plass til å skifte stokk for stokk og dei inntilliggande, bevaringsverdige, vart bevart. Biletet talar for seg. Den utbrende aksen synt på biletet over er veggen bak her der så mykje er skift ut.

Sjå høgda på bygget etter at arbeidet var gjort!

Her ser vi kor høgt bygget vart etter oppjekkinga i april 2009.

Bjarne Lofthus og Tom Gangstøe framfor eit vellukka prosjekt.

Nå i 2015 endra namn til Bryggen Husflid. Formann i Stiftelsen Bryggen, Tom Gangstøe og Bjarne Lofthus framfor eit vellukka prosjekt.

Referanse frå prosjektet

Tom Gangstøe

Byggeformann, Stiftelsen Bryggen i Bergen

Telefon: 915 58 825

Back To Top