skip to Main Content

Loft, bur, gamle løer og stogebygningar

Loft bur frå Nordgarden i Åmotsdal

Her frå Nordgarden i Åmotsdal. Dette er toppen av visittkorta våre og og syner eit typisk oppsett under loft og bur. Vi har erfaring frå restaurering av mengder av loft, bur, gamle løer og stogebygningar. Slike oppdrag har vi kontinuerleg og flest av.

Korleis me går fram

Normalt tek gjerne eit oppsett til med å løfte buret av hollesteinane på den måten at understell, grime, og flak, langsgåande profilert botnsvill for langvegg, lett kan bli teke bort for vøling. Det er vanleg at arbeida startar der det er normalt å skifte ut på grunn av råte, setningar m.v.

Dette oppsett gjev plass til å fjerne grime, understell, flak og ein kan då, derifrå, grave seg ned til trygg grunn, legge drenasje, fiberduk og drenerande frostfrie masser. Om naudsynt isolere og. Ein kan såleis gå vidare med restaurering av grime med klauver og flak. Derifrå går vi vidare oppover i bygget og skifter ut delar utan å skade det kringliggjande og bevaringsverdige.

Eksempla herunder talar for seg trinn for trinn.

Loft og bur. Nytt fundament.
Loft og bur. Nytt fundament.
Restaurering av grime med klauver og flak.
Ny grime med klauver og flak på plass.
Loft og bur. Nytt fundament.Restaurering av grime med klauver og flak.Ny grime med klauver og flak på plass.

Loftet på Midttveit

Loft Midttveit

Dette loftet på Midttveit var på mange måtar grunnlaget for firmaideen vår.

Byggherren ville i 1998 flytte et loft. Teknologien løftet, transport vart kjørt under, huset vart sett på ny plass. Slik vart intet av det originale skadd. Byggherren vart spart for mykje penger og bekymringer.

Back To Top