Lofthus LiftJig AS er ansvarlig for innhaldet på liftjig.no. Det redaksjonelle ansvaret blir delt mellom Lofthus LiftJig AS og DataService Rjukan AS, som tek seg av drift av nettstaden i det daglege. Denne personvernerklæringen forklarer korleis informasjon om dei besøkande på nettstaden blir samla inn og brukt, i samhøve med personopplysningsloven § 19, og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar, i henhald til personopplysningsloven § 18, 1. ledd.
Bruk av informasjonskapslar på www.liftjig.no
For at nettstaden skal fungere så godt som mogleg for deg som brukar den, blir noko informasjon lagra når du bruker siden. Informasjonen blir lagra i små filar, også kalt cookies, på maskina di. Det blir mellom anna lagra:
- Kva for nettlesar og versjon av den du brukar
- Kva din internettadresse (IP-adresse) er
- For kvar side som blir vist, blir også dette lagra:
- Tid og dato for besøket
- Kva for side du kom frå
- Kor lenge besøket varte
Opplysningane blir ikkje brukt for å identifisere enkeltpersonar, men til å generere ein statistikk som viser mellom anna kva sider på nettstaden som blir mest besøkt og kva brukaren ynskjer å finne ut gjennom besøket. Poenget med dette er å lage ein betre teneste til deg som brukar den.
Google Analytics
For å forbedre siden blir analyseverktøyet Google Analytics brukt. Sporingskoden gjer IP-adressen din anonym før Google lagrar og bearbeidar informasjonen. Den einaste opplysningen som kan bli definert som ein personopplysning, IP-adressen din, er ikkje mogleg å spore tilbake til deg. Informasjon frå Google Analytics blir lagra på Google sine servere i USA og er underlagt Google sine retningsliner for personvern.
Avvise eller slette informasjonskapslar
Hvis du ikkje ynskjer at informasjon om deg skal bli samla inn, kan du slå det av i nettlesaren din. Les korleis du gjer dette hos Nettvett.no. Slik avviser/tillét du at det blir lagra informasjonskapslar, og slik slettar du eksisterande informasjonskapslar på maskina di.