Kenneth Jacobsen
Prosjektleiar, Byggmester Dovland AS
Telefon: 990 04 737
E-post: kenneth@dovland.no
Adresse: Byggmester Dovland AS
Ægirsvei 1A
4632 Kristiansand
Mandal kyrkje, frå litt etter 1790. Dette er Noregs største trekyrkje, står det på nett. Det er sitteplassar til 1800 menneske inne i denne. Vi fekk spørsmål om hjelp til trykkavlasting i fronten, kring våpenhuset og litt i skipet. Det synte seg at kyrkja hadde ei innvendig pussa murkjerne. Her var det nytta tegl og kalkmørtel. Inne i murverket var det stolpar og skråavstivningar i grovt tømmer. Botnsvill var i eik. Utvendig er kyrkja utfora og kledd med treverk (panel m.v.).
Det synte seg at treverket, stendere og skråstivarar i fronten nesten var vekkrotna, så ein måtte ut med murverk for å erstatte treverk med nytt. Vi var med på starten på eit storprosjekt. Vi satte inn søyle og dragerkonstruksjon med fokus på løft av svill over 1. etg. Dette gjorde vi og løftet var på vel 350 tonn. Nå er treverk skift på fyrste del av prosjektet. Det omfatta front mellom dører delar av våpenhus og skip.
Bileta talar for seg i høve dimensjonane med stolpar og skråspenn i grovt virke.
Når murverket atter var på plass, demonterte vi heisejiggen og drog vidare til Kjøpmannsgate 27 i Trondheim.
Prosjektleiar, Byggmester Dovland AS
Telefon: 990 04 737
E-post: kenneth@dovland.no
Adresse: Byggmester Dovland AS
Ægirsvei 1A
4632 Kristiansand