Teknologien vår, som baserer seg på ei spesiell løftesøyle med påmonterte konsollar, kan utføre løft på bygg og konstruksjonar.
Vel du oss som utførande, så tek vi tak i det som må bli gjort med minst mogeleg skade for kringliggjande konstruksjonar. Vi tek vare på det bevaringsverdige, sikrar vidare bruk og du unngår riving, å måtte erstatte teknisk anlegg og å måtte gje opp på grunn av at oppgåva vert for kostbar. Byggherrar sparer såleis tid, demontering, følgeskader og pengar ved bruk av Lofthus LiftJig AS sin teknologi.
Ved bruk av oss sparer du tid, pengar og bygningstekniske for tunge oppgåver investeringsmessig.
Våre tenester er basert på unik teknologi
Det unike med teknologien er at tunge løft kan utførast slik at:
- Fagfolk kan utføre godt håndverk på ein sikker måte, og med tanke på HMS
- Bygg og konstruksjonar ikkje får knusningsskader på grunn av tyngde. Slik bevarer vi det bevaringsverdige
- Ein kan restaurere det som er skadd eller skifte det som må skiftast ut utan at kringliggjande konstruksjonar, som kanskje er bevaringsverdige, blir berørt eller skadd i operasjonen
- Jobben kan bli gjort uavhengig av høgde
- Bygg, strukturar, mur, stein eller tre kan bli teke vare på
- Vi hjelper deg med løysingar som gjer at du greit ser kva du kan forvente seg
- Vi kan ta det meste av løft og stort eller lite er ingen begrensning – vi kan av og til gjere det umogelege mogeleg. Vi søkjer etter og finn løysingar på det meste! Det er alltid moro med utfordringar.
Ha du konstruksjonar, bygg, i stål, tre eller metall som treng anna høgde eller annan bruk? Har du råteskader, behov for å skifte fundament eller flytte ein konstruksjon? Ta kontakt med oss.
Døme på bruksområde
Her er nokre døme på kva teknologien vår kan bli brukt til.
Løfte og bevare bygg
Vi løfter går inn under og bevarar det bevaringsverdige over. Ny kjellar og natursteinsforblending over bakkeplan utvendig og. Nytt fellast inn der gamalt vert ført vidare. Sjå biletet over og…
Heve etasjehøgde
Har du behov for å heve etasjehøgde i kjeller? Her frå eit prosjekt der privat bustad vert til privat barnehage. Her var det trong for større høgde i underetasje med…
Flytte bygning
Ønskjer du å rydde i tunet ditt, kanskje loft og bur bør flyttast litt for tilpasning til endra tun? Ta kontakt med oss. Her er stoga frå Tveiten i Høydalsmo…
Bevaringsverdige himlingar
Har du ein flott bygning med bevaringsverdige detaljar i himlingar, men skader andre stader i bygget? Frå stavkyrkje i Numedal.
Fleire døme på kva som kan bli utretta med vår teknologi
- Teknologien gjev rom for å utføre løft i fleire plan samstundes. Ein kan altså splitte opp og skifte ut i ulike plan med same oppsett. Løfteteknologi kan tilpassast alle slag ulike prosjekt.
- Teknologi kan nyttast på land og offshore.
- Lofthus LiftJig AS har brukt teknologien i straks 400 bygg og strukturar i fleire land. Ein nemner Norge, Sverige og Russland. I denne samanheng kan nemnast mange kyrkjebygg, Bryggen i Bergen, Kjøpmannsgate 27 i Trondheim nå i 2015 og mange andre.
- Privatkundar med hytter, loft og bur, samt andre gamle bygg er ein stor del av kundekretsen vår.
- Teknologien har i 2015 hatt oppdrag med transport av kabelkulvertar i betong som underentreprenør for Veidekke ved Lio kraftstasjon i Tokke. Vi har brukt teknologien der vi òg har eit svingbart understell som gjer det mogeleg å sette tunge konstruksjonar på hjul.